Teater Vestland: Are Kalvø topper VG-lista

Dato

30.mar.2022
Expired!

Tid

19:00 - 20:30

Om popmusikken og meininga med livet.

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas? Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

KUNSTNARLEG LAG

Av Are Kalvø Regissør Erik Ulfsby Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad Lysdesignar Per Willy Horn Dramaturg Ingrid Weme Nilsen

Medverkande Skodespelar Are Kalvø Musikar Ståle Sletner

Are Kalvø Toppar VG-lista er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.

Detaljer

Sted

Nordfjordhallen