Måløy Songlag – Heilt i Hundre!
Dato
- 08.nov.2025
Tid
- 17:00 - 19:00

Måløy Songlag – 100 år og i toppform!
Den 25. januar 1925 vart Måløy Songlag offisielt stifta. 17 modige songarar meldte seg inn, og sidan den gong har vi – med unntak av krigsåra og korona – halde tonen i heile 100 år. Det er vi ganske stolte av!
Og ein slik milepæl må sjølvsagt feirast med brask og bram.
Derfor inviterer vi til ein stor jubileumskonsert i Samfunnshallen 8. november
Denne kvelden skal vi synge oss gjennom både gamle og nye favorittar, vise fram det enorme spekteret vårt – frå det mjukaste og mest vare til det som får taket til å løfte seg – og bevise at vi kan synge det aller meste!
Så bli med og feire hundreåringen Måløy Songlag!
Vi lovar ein kveld med latter, musikk og ekte songglede – akkurat slik eit jubileum skal vere.