Kino: Sex

Dato

10.mar.2024
Expired!

Tid

20:15

To feiarar overraskar kvarandre under lunsjen. Den eine fortel at han nyleg har hatt sex med ein annan mann, men stiller seg heilt uforståande til at kona meiner han har vore utru. Den andre engstar seg over ein livaktig draum der David Bowie ser på han som ei kvinne. Kan liva deira halde fram som før?

Dag Johan Haugerud har etablert seg som ein av våre aller fremste regissørar, etter kritikarroste Barn, Lyset fra sjokoladefabrikken og Som du ser meg. Sex er den første filmen i trilogien Sex Drømmer Kjærlighet. Tre filmar om begjær, identitet og lengten etter fridom. Sex får verdspremiere på filmfestivalen i Berlin i februar.