Måløyraidsenteret

Dato

14.jun.2021 - 31.aug.2021
Expired!

Tid

10:00 - 17:00

Tidleg morgon, 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekamper og skyting frå krigsskip. Gjennom det ørdøvade bråket; lyden av ein lys sekkepipe.

Originale bilde frå raidet og metervis med original film vises i ein levande utstilling som har rørt tusener av besøkjande. Utstillingen viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjoner.

I tillegg til utstillingen om Måløyraidet er det utstillinger om Martin Linge, Kompani Linge og om den vågale Shetlandsfarten. Du kan også få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen.

Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik.

Detaljer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *