Jubileumsfeiring: Måløybrua 50 år!

Dato

11.jun.2024
Expired!

Tid

17:45

11. juni feirer vi at det er 50 år sidan den offisielle opninga av Måløybrua! Det var Kong Olav V som klipte snora, og opninga vart feira med ein stor folkefest!

Vi inviterer til ei feiring av 50-års jubileet med ei markering i spiralen. Måløy Musikklag spelar frå kl. 17.45, og det blir taler frå kl. 18.00.
Etter markeringa, ca. kl. 18.30, vil Terje Sølvberg leie ei vandring frå spiralen til Moldøen, medan han fortel historien om Måløybrua. Sølvberg er forfattar av boka «Måløy – Brua og byen».
Følg med i Facebook-arrangementet for detaljert program.

Arrangør av jubileumsfeiringa er Kinn kommune, i samarbeid med Måløy Vekst og Måløy Byforening.
Kontakt: seline@maloyvekst.no