HER KAN DU DELE OG FINNE LEDIGE TOMTER OG UTLEIGEBUSTADER

No kan du legge inn, og finne, ledige tomter og utleigebustadar på www.opplevmåløy.no.

Slik fungerer det: Under det nye menypunktet «Bo» øvst i høgre hjørne på nettsida, får du opp alternativa «Selg bolig» og «Utleie av bolig». Vel det som passar best for deg. Under desse punkta får du informasjon om korleis du skal gå fram for å legge inn bilete, pris, kontaktinformasjon osv.

Ved å fylle inn informasjon om bustaden i eit konktaktskjema vil annonsen din vere synleg på nettsida i løpet av 48 timar. Løysninga er gratis, men du må sjølv passe på at annonsen inneheld korrekt informasjon til ein kvar tid. Dersom du oppdagar feil eller manglar kan du sende ein e-post til post@opplevmaloy.no.

Under det same menypunktet «Bo», kan ein også velje å trykke seg inn på «Kjøp bolig» og «Bolig til leie». Her skal ein etter kvart kunne finne ei oversikt over ledige tomter og utleigebustadar, så snart som utleigar/seljar har lagt inn sin informasjon.

Det overordna målet med å formidle ledige tomter og bustadar er å generere tilflytting, bulyst og næringsaktivitet. Dette er ei gratisordning og vi håpar at både tomteeigarar og utleigarar, samt at dei som er interessert i å etablere seg i Vågsøy vil nytte seg av denne løysinga

Har du spørsmål eller innspel? Kontakt oss på post@opplevmaloy.no

 

 

Share This